Korleis engasjerer du og får med deg folk på nett?

Viral marknadsføring. Du har sikkert hørt om det, men korleis får ein det til? Tru meg, det har eg ikkje svar på. Er det noko eg er sikker på så er det at du aldri på forhånd veit kva som catcher, og kva som tenner folk. Så min taktikk er å sprelle mykje, i alle kanaler. Men eg tenkte vi kunne sjå på ulike framgangsmåtar, kanalar og teste ut ein case som verken er kommersiell eller politisk. Den skal berre gjera julafta litt meir spennande; Operasjon Julegave. Kan den bli viral?


Operasjon Julegave

  • Mål: alle skal sende fysisk kulegåve og få gåve frå nokon dei ikkje kjenner
  • Delmål: digital kos – folk skriv om at dei gleder seg, kva dei har fått og lurer på kven dei har fått gåve frå
  • Framgangsmåte: Folk skal bli medlemmer av bloggen, sende epost med postadresse og få så utdelt person som dei skal sende gåve til mandag 13.desember.

Ganske enkelt konsept vi har kjørt i to år før. Det har gitt folk glede og spenning, men korleis får vi engasjert enda fleire?

Personleg twitter
Eg tenkte; eg har jo over 1000 som følger meg på twitter, og uansett kva eg skriv, så blir det berre fleire, så kvifor ikkje bruke dei? Så eg tvitra frå min eigen personlege konto:

Haha! Nada respons. Eg klarte å vekke til live eit par gamle medlemmer som berre har venta på at vi skal dra sona og tiltaket i gang igjen. Og det var stas, for dei vil vi ha med, men noko viral suksess er det ikkje.

Personleg facebook
OK. La oss prøve å få facebook-folket engasjert. Eg har jo 350 gode venner, kollegaer og slekt. Kanskje eg klarer å engasjere dei?

To stykk delte lenka, to likte det. Eg chatta med eit par. Dei digga konseptet, men følte ikkje nok press for å engasjere seg til å delta. Nada, men gir eg opp?!

Underskog – eit lukka nettsamfunn
Underskog er fulle av kjekke folk som kan leike, tenkte eg og skreiv eit innlegg. Kort, konsist og med eit sjarmerende bilde av lillebror. Tipsa heile kretsen min på skarve 126. To av dei hopper på og sender meg epost. Men så begynner folk å delta i samtalen, seier dei skal delta, eg følgjer opp, blir glad og skryter av dei. Dess fleire som seier det, dess meir synleg blir samtalen i oversikt og fleire kan sjå. Dette funker. 20 personer blir direkte verva fra dette innlegget, 319 har lest. Tommel opp for Underskog!

Mitt Origo
Blogginnlegget “Blir du med på Operasjon Julegave” blir publisert både i sona og i Origo-bloggen. Då får alle 175 000 medlemmene sjå tiltaket på forsida si. I tillegg når det alle som er medlem, både ved epost og i ‘sitt Origo’. Eg sender nyheitsbrev til alle fjorårets medlemmer, tipser venner og gullfolk, slenger på ein smiskesetning og prøver å lokke dei inn i sona. Blir dei medlem av sona, kommenterer dei i samtalen, ser kretsen det – og det har kanskje smitteverdi.

E-post
Alle som har meldt seg inn har fått ein småpersonleg epost, der eg med glede har ønska dei velkomne og oppfordra folk til å spre det glade bodskap. Og dei skal få fleire epostar – utan at eg skal spamme dei ned.

Tonen i all mi samhandling er personleg, glad og nedpå, ikkje fordi eg er utspekulert, men fordi det er mykje kjekkare når folk kommuniserer som mennesker.

Så kva kan vi oppsummere av dette?
Dette caset stadfestar det eg har visst lenge. Det er vanskeleg å få folk til å gjera noko. Å seie at dei liker noko er lett, å få dei til å engasjere seg, er vanskeleg.

  • Twitter funker bra til å spre instant glede der og da, men det er sjeldan ein får twitterfolk til å kommentere ein blogg. Kommenterer dei, så svarer dei på twitter, ikkje hos deg.
  • Facebook det er lett å få folk til å like ting. Dei likar stort sett personlege oppdateringar, av og til lenker, men dei deler sjeldan lenker. Så trikset er å få nok til å like for å få folk til å sende epost.
  • Underskog funker fordi det er ein spesiell kultur der leiking er ein viktig del av nettsamfunnet. Det er der eg finn dei mest kreative og langvarige samtalane. Samtalekulturen har vokst fram sakte, og medlemmene er og vil gjerne framstå som litt meir finurlege enn dei gjengse, og det funker. Dei kaster seg med. Men sjølv om det er lukka, så kan ein få dei ut av dei anonymes rekker. Det er jo ein ekstra fin eigenskap med samfunnet!

Men la meg ta eit lite forbehold:
Faktorar som storleik på krets, sosial kapital, personlege eigenskapar er også faktorar som spelar inn. Eg har bygd meg eit twitternettverk der eg konsekvent har utelatt alle kaffiskålere frå kretsen min, men eg innser at kanskje nettopp #kaffiskålere er viktige på slik digital leik. Når det gjeld facebook trur eg også folk har lukka augo att, eller satt brems, for alle Origo-lenker eg kjem med. Men synligheita på lenkene eg deler kan også vere styrt av fb-algoritmen som ingen overhodet har moglegheit til å manipulere med sikkerhet. (Les gjerne How Facebook Decides What To Put In Your News Feed).

Tiltak som gjenstår i min vesle virale taktikk:

  1. Sette innlegget på kartet og publisere med ropert slik at det havnar i A-presselokalavisene
  2. Tipse dei kulaste avisene om tiltaket. Kanskje dei kjenner nokre folk (lesarar) som kunne tenkt seg å bli med?
  3. Starte facebook-gruppe som folk kan like for å spre det glade bodskap (etter tips fra Ine)
  4. dyrke fram den proffe Operasjon Julegave-konto på twitter: @origogave
  5. få fleire til å ha lyst til å spre det glade bodskap

Er det fleire ting eg kan gjere? Kan du hjelpe? Vil du vere med?!?

Vist 960 ganger. Følges av 1 person.

Kommentarer

Det kjekke er jo at det vart 100 stk glade mennesker som vart med året etter. Meir leik, kos og hygge i Operasjon Julegave.

Jeg har ikke vært den flinkeste til å drive promo ennå, og jeg har ikke grunnlag for å utfordre konklusjonene om de ulike kanalene, men det aner meg at der rom for forbedring i tweet-teksten din. Her er mitt forslag:

Jeg sydde korssting for første gang på 23 år. Hva ville du gitt i gave til en fremmed? Bli med på #operasjonjulegave.

I år var vi 78 stk som delte gåver mellom oss. Fint det og!!